
NYFs etiske retningslinjer (Code of
ethics)
FØREMÅL
- Å gjere kjend normer for etisk profesjonell framferd for medlem
av den internasjonale yrkeshygienikarorganisasjonen. Desse retningslinane
er laga for yrkeshygienikarar som utøver yrket sitt og rettleiar
personar, særleg arbeidstakarar, og ålmenta i spørsmål
som påverkar helsa og velferda deira, miljøet og yrkeshygieneprofesjonen.
FAGLEG ANSVAR
- Å halde i hevd det høgaste nivå av personleg integritet
og profesjonell kompetanse.
- Å nytte høvelege vitskaplege metodar og tolke funn nøytralt
og med god vilje.
- Å formidle vitskapleg kunnskap til beste for arbeidstakarar,
samfunnet og profesjonen.
- Å verne fortruleg informasjon.
- Å handsame saker innafor eige kompetanseområde.
- Å handle ansvarleg for å halde oppe integriteten til profesjonen.
ANSVAR OVERFOR ARBEIDSTAKARAR, DET OFFENTLEGE OG MILJØET
- Å innsjå at det fremste ansvaret til yrkeshygienikaren
er å verne helsa og velværet til arbeidstakarar.
- Å vurdere korleis avgjerder og handlingar påverkar det
offentlege miljøet.
- Å identifisere, vurdere og kontrollere helsefarer uavhengig
av ytre påverknad, i det ein innser at menneskeleg helse og velferd
kan være avhengig av dugleiken og det profesjonelle skjønnet
til yrkeshygienikaren.
- Å klart, effektivt og sakleg gje råd til alle innvolverte
om helsefarer og tiltak for å unngå helseskade.
- Å ansvarleg nytta yrkeshygieniske prinsipp for å lage
og halde ved like eit trygt miljø for alle.
- Å streve for å verne helsa og velferda til eigne arbeidstakarar,
med same flid og omsorg.
ANSVAR OVERFOR ARBEIDSGJEVARAR OG KUNDAR
- Å ærleg, ansvarleg og kompetent gje råd til arbeidsgjevar
eller kunde, slik at identifikasjon, vurdering og kontroll av helsefarar
på arbeidsplassen vert basert på sunne, faglege prinsipp.
- Å respektere konfidensialitet, men underordne ansvaret overfor
arbeidsgjevar eller kunde det grunnleggjande: Å verne helsa til
arbeidstakarane.
- Å gje arbeidsgjevar eller kunde råd om aksepterte standardar
eller retningsliner, eller lovar og forskrifter.
- Å sakleg rapportera funn og tilrådingar og å sikre
at faglege vurderingarer er grunna på dugleik innan yrkeshygienikaren
sitt fagområde.
- Å handle etter prinsippet om at i spørsmål om vern
av helse og vern av miljø er det vanlegvis samsvar mellom interessene
til arbeidsgjevarar, kundar, arbeidstakarar og ålmenta. Når
konfliktar likevel oppstår mellom interessene, må dei løysast
på det minst skadelege vis som er mogleg.
|